Velg en side

Vi får besøk frå både Bergen og Europa til haustens første mandagsklubb.

Voldingen Tormod Torvanger arbeider hovedsakeleg med skatterettslege spørsmål, dels som skattepartnar i advokatfirmaet Rasmussen & Broch DA og dels som førsteamanuensis ved Norges Handelshøyskole (NHH). Som advokat bistår han innehavarar og eigarar av næringsverksemder, samt interesseorganisasjonar og offentlege organisasjonar, med rådgiving og tvistesaker knytta til skatterettslege spørsmål. I 2020 publiserte han ei doktoravhandling om den norske rederiskatteordninga.

Ålesundaren Marina Tomren tek turen heilt frå Amsterdam for å gi oss ein introduksjon om EU sitt kvotehandelssystem for utslepp (EU/ETS – Emission Trading System). Marina har ein bachelor i Shipping Management frå NTNU Ålesund og jobbar som Emission Trader hos ACT Commodities i Nederland. Ho har kjennskap til marknaden for kvotekjøp og kan mellom anna forklare prisdrivarane i denne marknaden.Skip vil gradvis påleggast EU sitt ETS-regelverk – dei største og første allereie no frå august  2024. Det er med andre ord eit brennaktuelt tema.

Påmelding HER innan 6. september kl. 13