Velg en side

Solfrid Flateby kjem på besøk til Fosnavåg Shippingklubb mandag 27. mai kl. 18 på Thon Hotel Fosnavåg.

Solfrid Flateby er ein av Norges beste og mest populære foredragshaldarar. Ho deler si ekspertise om leiing, endringsleiing, arbeidsglede og medarbeidarskap gjennom engasjerande foredrag. Merittlista av utmerkingar er imponerande. Ho vart kåra til Årets kvinnelige talar av Talerlisten i 2018 og 2019, samt Årets Talar i 2021 og 2023.

Med bakgrunn som HR- og kommunikasjonsdirektør for selskap som Coca-Cola, Reitangruppen og Bavaria Nordic (BMW, MINI og Porsche), samt erfaring frå offentleg sektor, har ho brei og god forståing for både offentleg og privat sektor.

Med ein god kombinasjon av energi, humor og innsikt formidlar Solfrid Flateby faglege bodskap på ein måte som treff tilhøyrarane. Solfrid Flateby har sett spor med sitt glødande engasjement, ein annleis karriereveig og eit sterkt samfunnsengasjement. Gjennom meir enn 25 år har ho bygd opp leiarskular, fleire verdiprogram og jobba med å utvikle medarbeidarar, leiarar og selskap. Solfrid har ein unik evne til å engasjere publikum med energi, humor og innsikt, og hennar erfaring som tidligare toppleiar og leiarmentor gir henne ei djup forståing for tema og saker ho snakkar om.

Vi gler oss til å høyre kva ho byr på!

Påmelding

For serveringa sin del må vi ha påmelding. Påmeldingsfrist er fredag 24. mai kl. 13.

Og nettopp for serveringa sin del, så er det også fint om du seier i frå dersom du er påmeldt og likevel ikkje kan kome. Då gir du beskjed til fosnavag@shippingklubb.no

Jobbar du ei medlemsbedrift eller er personleg medlem, så melder du deg på ved å bruke påmeldingslenka over.

KOMANDE MANDAGSKLUBBDATOAR:   Datoane for hausten vert kunngjorde i løpet av mai.

Anna aktuelt:
FOSNAVÅGKONFERANSEN 2024 – torsdag 20. juni
Fosnavåg Shippingklubb er medarrangør