Velg en side

Visepresident i Shippingklubben, Silje Smådal, tildelte statuett og blomster medan ein annan brandøling, Johannes Alme, fortalte om bakgrunnen til Else Karlsen. Han sa at han har stor respekt for Else Karlsen og at det var ei glede og ei stor ære å få prate om denne heidersdama.

Else Karlsen er frå Telemark, fødd og oppvaksen på ein bondegard langt inn i skauen, som ho seier det sjølv. Ho er fødd i 1928, og nærmar seg 93 år.

Alme peikte på at ho har vore handlekraftig heile livet og viste til at ho var ordonans i Milorg då ho var tenåring og gjekk mellom anna med beskjedar.

Ho hadde med kyrne, og så hadde ho lappen med ordrar i beltespenna.

Else gjekk all in

Då Else gjekk på industriskulen i Oslo, møtte ho Peter Karlsen frå Brandal. Dei gifta seg, flytta til Brandal og fekk tre born. Peter meinte at ei bondetaus frå Telemark ikkje hadde noko å gjere med skuter og båtar, sildoljefabrikk og selmottak, og slik vart det heilt til i 1972 då han vart sjuk. Då begynte Else å gå turar ned på fabrikken og «rapportere» til Peter.

Det vart tøffe år der selfangsten var på nedadgåande og det same var sildoljefabrikken. Samtidig vart Peter meir og meir sjuk. Det siste året han levde var han på sjukehus og Else budde der i lag med han.

Tidene endra seg og det var mykje motbør. Sildoljefabrikken, motbøteriet, treskutene Brandal og Signalhorn gjekk mot slutten, og Polarstar og Polarhav kava med å få oppdrag utanom selfangsten.

Else var då på full fart på veg inn i drifta saman med unge Martin. Eg har sagt til Else, litt på spøk og litt på alvor, at ein annan hadde selt og flytta tilbake til skogen i Telemark, men Else, ho gjekk all inn.

Selfangstdronninga

Johannes Alme seier Else var flink til å stille spørsmål og flink med pluss og minus. Ho var med og tok i mot og spekka selskinn, ho var med og tok i mot brugde og jobba på. Polarstar dreiv selfangst på Newfoundland og var sysselmannsskute på Svalbard, og Else var reiar og eigar, vaskedame og altmoglegdame.

Utover på 80- og 90-talet vart Else ofte titulert som selfangstdronninga. Det er fint og godt meint, men eg har aldri høyrt om ei dronning som har jobba så hardt fysisk som Else.

Alme fortel også at Else var berykta som dama med notisboka då Polarstar låg på verkstad. Ho hadde full kontroll med timetal og visste å seie i frå om rekninga vart for høg. Ho hadde heller ikkje problem med å sette skapet på plass i møte med departement og direktorat.

Karlsen var involvert i både handel, industri og andre fartøy, også offshore, men det er Polarstar og selfangsten Else for alltid vil vere identifisert med.

Else har sagt at Starten (Polarstar) nesten var som ein av barna hennar. Vi som har vore om bord, veit at engasjementet og arbeidslysta var stor. Vi fekk alle stor respekt for denne dama som måtte ha ting gjort akkurat då. Hadde det ikkje vore for Else, så hadde nok Polarstar vore ute av drift lenge før. Alle kjende kor ho brann for skuta og engasjementet smitta, så uløyselege problem vart fleire gongar løyste fordi det var Else som spurde.

Energisk arbeidsjern

I 1998 var det slutt. Då hadde det vore rusta ut selfangsskuter frå Brandal i 100 år. Då var Else i alderen for å pensjonere seg, men då vart det kveiteoppdrett, nær sagt heile døgnet.

Else har også vore med i råd og frivillig arbeid i heimkommunen. Seinast i forfjor var ho i skogen og henta bjørk som det var laga fastelavensris av.

Og Ishavsmuseet må også nemnast. Frå å ha gitt buda til det som i dag er Ishavsmuseet, har Else også lagt ned eit enormt frivillig arbeid der, både med vasking, som søndagshjelp, serveringsdame og med alt muleg anna forefallande. Og Else er ein attraksjon i seg sjølv. Alle gamle selfangarar som kjem innom, må helse på og klemme på Else.

Johannes Alme oppsummerte hyllesten på vegner av seg sjølv og Fosnavåg Shippingklubb slik:

Else, ei energisk dame, med eit stort hjarte og ein enorm arbeidskapasitet, ei som sto på der andre ville gitt opp både selfangst og Polarstar.

Fosnavåg Shippingklubb gratulerer og ønskjer Else Karlsen velkomen som æresmedlem.

Tidlegare har mellom anna Per Smådal, Ståle Remøy, Inge Nærø og Asbjørn Endresen vorte tildelte æresmedlemskap. Det same har Edvard Gjerde, Johannes B Eggesbø, Per Sævik, Idar Ulstein og Arve Moltubakk.